Aktivitetssti ved Hardangerfjorden, Rosendal

Prosjekteier

RØYNHOLM VEL

Tildelt sum

85000

Om prosjektet

Vi ønskjer å forlenga den korte stien som blei anlagt for nokre få år sidan frå badestranda til den vesle leikeplassen. Denne stien er mykje nytta av turgåarar, men og av alle på strekninga som nyttar badestranda om sommaren. Vedlagte skisse viser den nye stien (ca 450m) som skal gå som ei forlenging av eksistrerande sti med ein avstikkar til parkeringsplassen (eksisterande sti er merkt med svart penn). Ny sti er merkt med raud/svart penn. Delar av stien skal vera universelt utforma med ei stigning på 1 til 12. Dette er eit stort prosjekt for oss som er delt i to: 1) Universelt utforma sti frå ballplassen til parkeringsplassen. 2) Ein noko brattare sti frå leikeplassen, via vikinggrava til der stiane møtest. Vi planlegg å gjera ein stor del av arbeidet på dugnad, medan graving, grøfting og planering mm. må gjerast med maskin. Røynholm Vel har tidlegare opparbeidd ma ballplass med fleire tusen dugnadstimar. Vi tar no eit nytt initiativ for å gjera friområdet tilgjengeleg for alle.

Fylke

Hordaland

Vi støtter prosjekter som gjør Norge til til et tryggere samfunn og gjør at flere av oss får muligheten til å leve friske og aktive liv.