Dippersanden friluftsområde

Prosjekteier

NORDHERADSPROSJEKTET

Tildelt sum

300000

Om prosjektet

Nordheradsprosjektet ønskjer å lage avkjøring frå fylkesveg (FV) 468 og leggje til rette for friluftsformål ved Dipresanden ved Vågåvatnet. Mellom Vågåmo og Liabrua i Lom er det knapt nok mogleg å koma ned til Vågåvatnet for å fiske, bade eller å gå tur utan å måtte klive i grov ur. Dei fåe plassane som finst, er eigde av private og ligg nær bustader eller gardsbruk og blir ikkje brukt. I tillegg er avkjørings- og parkeringsmoglegheitene i praksis ikkje-eksisterande. Dippersanden ligg i statsallmenning nokre hundre meter frå næraste gardsbruk og har ei fin lita sandstrand. Denne plassen godt eigna både til bading, fisking, ein lite rast eller som utgangspunkt for rusletur langs Vågåvatnet. FV 468 er skilta som ei sykkelrute, men det er i liten grad tilrettelagt for rast eller kvild nokon stad langs vegen. Ei tilrettelegging for bruk av Dippersanden blir såleis til glede og nytte for både lokalbefolkning og tilreisande. Lokalbefolkninga og særleg ungar/ungdom er hovudmålgruppa.

Fylke

Oppland

Vi støtter prosjekter som gjør Norge til til et tryggere samfunn og gjør at flere av oss får muligheten til å leve friske og aktive liv.