Draumeplassen i Langedalen

Prosjekteier

TRODA 4H

Tildelt sum

195000

Om prosjektet

Vi har lenge tenkt på ein naturmøteplass, og i samband med at vi vann 4H Sogn og Fjordane sin konkurranse «Draumeplassen» skulle endeleg draumen bli verkeleg. Vi vann pengegåve, prosjekthjelp og arkitekttenester. No er endeleg prosjektet i gang.
Vi vil skape ein draumeplass i Langedalen – som ligg langs turstien Nordsjøløypa. Vi vil bygge eit bygg som huser ca 25-30 personar, utedo og lage veg heilt fram til plassen. Det skal vere universellt utforma slik at alle kan få glede i «draumeplassen».
Troda 4H vil vere ansvarlege for å vedlikehalde, og ta vare på «draumeplassen» i framtida slik at dette vil bli ein plass som vil vere til glede for fleire generasjonar framover.
Ein samlingsstad i naturen, som samstundes gjer naturen meir tilgjengeleg for alle. Her skal alle vere velkomne!

Fylke

Sogn og Fjordane

Vi støtter prosjekter som gjør Norge til til et tryggere samfunn og gjør at flere av oss får muligheten til å leve friske og aktive liv.