Om prosjektet
Fusa byggjer sin fyste fleirbrukshall, som skal stå klar til bruk i januar 2019. FIR har vore tett på planlegginga av prosjektet heilt frå starten og har teke på seg eit ansvar for behovskartlegging av kjøp av idrettsutstyret i bygget. Utstyret i hallen vil i stor grad vera idretten si eige, og FIR har teke på seg ei rolle med å koordinera både brukstid og planleggja kva brukarutstyr hallen skal ha. Vi har alt hatt eit fellesmøte om kva brukarane ønskjer i hallen, og der kom det fram at dei ønskja kvalitetsutstyr. For å tilby dette søkjer vi først og fremst om midlar til innkjøp av styrketreningsutstyr. Dersom vi får tildelt midlar vil vi i samarbeid med brukargruppane forsikra oss at vi kjøper det riktige utstyret. Så vil vi samarbeide med kommunen for å planlegga drift av styrketreningsrommet. Eit mål er at det skal vera gratis for barn og unge, og rimeleg for andre brukarar.