Etablering av fagleder skredgruppe i Oppland Røde Kors

Prosjekteier

NORGES RØDE KORS

Tildelt sum

237900

Om prosjektet

Våren 2014 identifiserte politiet i Gudbrandsdalen eit behov for ei gruppe med skredkompetanse i distriktet, og hadde 6 stk på varslingsliste i påska. Dette var noko fleire av oss hadde snakka om å starte tidligare, då skredulykker er noko vi trur kjem til å auke i området, og dette gav oss motivasjon for å gjennomføre etableringa av gruppa. I området har Jotunheimen Høgruta blitt lansert, noko som har medført ei auke av topptur folk i området. I tillegg er topptur blitt ein særdeles populær aktivitet, som gjer at folk nyttar fjellet på ein ny måte enn i tidlegare tider då ein fulgte dei stikka løypene til DNT.
Denne sesongen har vi hatt fleire nestenulykker, både langs veg, i fjellet og i skisenter, der vi heldigvis ikkje hadde omkomne. Fleire av gruppas medlemmer var også ute i forbindelse med ulykka på Tjønnholstinden i april 2015, der ein mann omkom etter at skavlen han gjekk på knakk og utløyste eit mindre skred som enda opp på ein bre.

Fylke

Oppland

Vi støtter prosjekter som gjør Norge til til et tryggere samfunn og gjør at flere av oss får muligheten til å leve friske og aktive liv.