Om prosjektet
Me lever i eit samfunn der det føregår mange gode heilårsaktivitetar innandørs, men me i Bulken IL langrennsgruppa brenn for å få med barn og vaksne ut i løypa vår om vintern. 2 dagar i veka har me skileik med ballspel til avslutning. Dvs: me har 3.5 km med lysløypa, med hovudlykt kan me gå 10 km. I start/målområdet trakkar kvart år ei eldsjel i laget, Hermann Skjeldal ei stor sletta, der me avsluttar kvar økt med 30 minutt fotball eller handball der barn og vaksne er blanda på laget. Dette for å prøva å lokka «fotballbarna» ut til å trena litt skigåing fyrst i ein time, og så bytta til joggesko og gå over til ballspel.
Langrenn er ein sport som det ikkje er så lett å tjena peng på , me arrangerar karusellrenn, og har eit større renn i kretsamanheng, men likevell går me kvart år med underskot – og har ikkje høve til å oppgradera utsyret vårt. Det me ynskjer å kjøpa inn er 10 par skintec ski, som me kan låna ut til barn som ynskjer å prøva, + nye ballar, mål, skileikutstyr og vestar