Fritid for alle – frivilligheit i fokus – saman om det gode liv

Prosjekteier

Vindafjord Frivillighetssentral

Tildelt sum

100000

Om prosjektet

Aktiv fritid er viktig når nye landsmenn kjem og skal bu i bygdene våre. Legge til rette for at alle som bor her opplever å bli sett, bli høyrt og ikkje minst bli med. Ønske nye innbyggarar velkomen med respekt og med å vere vennleg og vise dei veg inn i nærmiljøet. La dei få del i og lære våre tradisjonar og aktivitetar og utveksle sine med oss. Språk er nr 1. Ved å legge til rette aktive møteplassar der deltaking og snakke norsk har fokus. Få innbyggararane til å vere vertsfamilier i helger.
Symjekurs for mødre har høg prioritet. Ølen skule har oppvarma 12.5 m basseng og vi har nokre primus motorar som kan kan instruere. Når mødrene kan symje, er det lettare å få forståing for kor viktig det er.
Matkurs for å lære kva godt kosthold er for helsa, læring og utveksling.
Integrering startar når barn blir født. Samle unge mødre og gi dei støtte og innføring i alt frå kosthald, songtradisjonar, turgåing, matlaging, gardsbesøk, tannhelse, mm.

Fylke

Rogaland

Vi støtter prosjekter som gjør Norge til til et tryggere samfunn og gjør at flere av oss får muligheten til å leve friske og aktive liv.