Gapahuk ved Køltjednet.

Prosjekteier

NASJONALFORENINGEN FOR FOLKEHELSEN RANHEIM OG GARLI HELSELAG

Tildelt sum

54000

Om prosjektet

Ranheimsåsen er eit allsidig og særeigna tur- og friluftsområde både sumar og vinter. Sjølv om det ikkje ligg så langt frå tettbygd område, kan ein oppleva ro og stemningar som ein elles må leite lenge etter. I tillegg til at lauv- og krattskogen gjev eit variert dyre- og fugleliv, skapar den store endringar gjennom året.
Jamsides turløypa frå Ranheim Sag og fram til Køltjednet, går ein skogsbilveg, den er delvis vinterbrøyt og området er såleis godt eigna for småbornsforeldre med barnevogner, funksjonshemma og eldre heile året.
Køltjednet har gjennom tida vore ein flott møteplass for samlingar i skulen, naturbarnehagen i Ranheimsbygda, pensjonistlaget og DNT Barnas turlag. På fjellknausen ved tjednet er det populært med klatring.
Møteplassen ved Køltjednet ligg midt i det oppmerka turnettet.
Årets høgdepunkt i helselaget er St. Hansfeiringa ved Køltjednet.

Fylke

Oppland

Vi støtter prosjekter som gjør Norge til til et tryggere samfunn og gjør at flere av oss får muligheten til å leve friske og aktive liv.