Om prosjektet
Vi har hatt 9 medlemmer i korpset siste halvåret. No august 2018, er det 7 aspirantar som har begynt, og desse ynskjer vi av heile vårt hjarte å behalde. Skulemusikken er også eit flott alternativ for dei som ikkje er interessert i idrett, eller dersom dei ynskjer supplement til andre aktivitetar.
Vårt prosjekt er å intensivere opplæringa for aspirantane dei næraste 2 månadene, for å få rask og god utvikling og dermed speleglede og auke sjansane drastisk for at dei held fram vidare. Å spele eit instrument krev øving over lenfe med dette, for å sikre at dei vil halde fram i Skulemusikken fordi dei faktisk får nok hjelp i starten. Vi ynskjer starte opp att med frukt i pausen på øvingane, slik vi hadde før. No er øvingane rett etter skulen, og foreldre har ikkje høve til å lever frukt fordi dei er på jobb.
1. Vi vil leige inn ekstra hjelp til opplæring no i starten.
2. Prosjekt med frukt i pausen slik vi hadde før.