Innkjøp av trenings- og aktivitetsutstyr for barn/ungdom

Prosjekteier

SELJE IDRETTSLAG

Tildelt sum

30000

Om prosjektet

Selje Idrettslag har stor aktivitet med trenings-/aktivitetstilbod for gutar og jenter frå 3-16 år. For dei yngre årsklassane er det allidrett/idrettskule.

Klubben har dårlege innandørs treningsforhold, med berre ein liten gym.sal på 10x20m og mykje slitt/mangelfullt utstyr.
Vi har kjøpt inn ein del utstyr opp gjennom åra, men økonomien tillet ikkje store investeringar. Det utstyret som vi no søkjer pengar til vil vere ny type utstyr som manglar i dag.

Vi ynskjer å kjøpe inn diverse utstyr til allsidig aktivitet for barn/ungdom:
– Airtrack treningssett
– Sprangkasse til turn
– Hoppeballar og hoppesekkar
– Div. ballar og småutstyr
– Airex 20stk turnmatter, treningssett

Klubben ynskjer å stimulere til meir turn- og allsidig fysisk aktivitet. Dersom det blir tildelt pengar så Selje IL kan kjøpe dette utstyret, vil det også bli disponibelt for kroppsøvingsundervisning i skuletida, og såleis få eit stort bruksområde.

Fylke

Sogn og Fjordane

Vi støtter prosjekter som gjør Norge til til et tryggere samfunn og gjør at flere av oss får muligheten til å leve friske og aktive liv.