Klatrevegg for alle i Sunnfjordhallen

Prosjekteier

Indre Sunnfjord Turlag

Tildelt sum

250000

Om prosjektet

Målet er at alle i Førde kan drive med idrett eller eigen organisert fysisk aktivitet og friluftsliv. Målgruppa born og unge, personar med nedsett funksjonsevne og inaktive vert prioritert.
Samtidig veit vi at hallkapasiteten i Førdehuset er sprengt, og her er det lite plass til annan aktivitet enn den organiserte idretten, og den planlagde klatrevegg er teke ut av plan.
Eit klatreanlegg vil vere positiv i høve vidaregåande skular, til bruk for barnehagar, skular og folk generelt i Førde på fritida.
Klatring er eit flott alternativ for born og unge som ikkje finn seg til rette i meir tradisjonelle idrettar, og vil såleis også vere eigna til personar som treng hjelp.
Klatrevegg vil vere med å skape livslang glede for å drive med fysisk aktivitet, og vil vere med å lære born og unge at idrett også handlar om deltaking i sosiale fellesskap, og dermed ein viktig inkluderingsarena.
Vi vil bidra til eit klatremiljø i Førde og omland gjennom eit inkluderande og sosialt tiltak.

Fylke

Sogn og Fjordane

Vi støtter prosjekter som gjør Norge til til et tryggere samfunn og gjør at flere av oss får muligheten til å leve friske og aktive liv.