Kolbeinsvik Aktivitetspark

Prosjekteier

KOLBEINSVIK VEL

Tildelt sum

200000

Om prosjektet

Vinteren 2016/17 vart det etablert ei arbeidsgruppe for å betre aktivitetstilbodet i bygda Kolbeinsvik. Arbeidsgruppa etablerte «Aktiv i Kolbeinsvik», eit tredelt prosjekt beståande av kunstgrasbane, isbinge og aktivitetspark. Prosjektet vart vedteke av Kolbeinsvik Vel sitt årsmøte 5.2.17. Eit fantastisk engasjement i bygda resulterte i store beløp i tilført kapital, samt ei sterkare tilknytting til idrettslaga i kommunen.
Del 1 kunstgrasbanen vart fullført våren 2017. Del 2 er ferdig prosjektert, noko grunnarbeid er påbegynt, og tiltaket er klar til å iverksettast. Etter planen iverksettes aktivitetspark på nyåret 2018. Aktivitetsparken vil gje oss eit heilt anna og variert tilbod i bygda. Me ynskjer fokus på leik, samhald, styrke, balanse og motorikk. Driven i dugnadsbygda Kolbeinsvik er svært stor for tida, og me er veldig klare for å ta fatt på neste prosjekt.

Fylke

Hordaland

Vi støtter prosjekter som gjør Norge til til et tryggere samfunn og gjør at flere av oss får muligheten til å leve friske og aktive liv.