Leike og møteplassen på Andvik

Prosjekteier

ANDVIK VEL

Tildelt sum

101549

Om prosjektet

Me i Andvik Vel, har leigd i 2012 ei tomt midt i bygda i 25 år, denne har me planert ut. me har bygd ballbinge, og sett opp nokre leikeapparater så langt. Me har og sett opp eit grindbygg på tomta på nærare 30 kvadratmeter. Dette er gjort for at me ville laga til ein samlingsplass i bygda der både barn og vaksne kan møtast, både fastbuande og hyttefolk.

For å planera tomta måtte me ta opp lån for å betala entrepenør, alt anna arbeid har vore gjort på dugnad. Me har difor ikkje økonomi pr i dag til å setta opp fleire aktivitetsskapande apparater. For å betale ned lånet, så arrangerer me basarer, og held loddsal. Så økonomien er trygg, men me håper dere vil hjelpa oss til å gjere plassen endå meir atraktiv og variert for ungane.

Fylke

Hordaland

Vi støtter prosjekter som gjør Norge til til et tryggere samfunn og gjør at flere av oss får muligheten til å leve friske og aktive liv.