Levande bok.

Prosjekteier

VINJE FOLKEAKADEMI

Tildelt sum

100000

Om prosjektet

Innvandrarane på VO og dei som har budd her lengre får høve til å fortelje, vise bilete, synge og danse frå sitt miljø. Tilhøyrarane er stort sett norske i tillegg til andre innvandrarar. Dei får da høve til å knyte kontakt og venskap med innbyggarane i kommunen. I tillegg så får dei fribillett til tilskipingar i regi av Folkeakademiet i Vinje. Det er foredrag, konsertar og teater som me er med å skipar til. Dei er og sett opp som aktive til feiring av FN dagen. Dette tiltaket har gått eit par år, men treng no nye midlar for å halde fram. Det kjem stadig nye innvandrarar og det kostar litt å halde dette i gang.
Matservering er viktig på samlingane så det er jamt servering. Alt er gratis for dei som deltek. Det er ein viktig arena for å knyte venskapsband og for å bli inkludert og lære om norsk kultur. Både vaksne og barn deltek. Til no har det vore flest frå Somalia, men Eritrea og Syria vil koma no.

Fylke

Telemark

Vi støtter prosjekter som gjør Norge til til et tryggere samfunn og gjør at flere av oss får muligheten til å leve friske og aktive liv.