Om prosjektet
Det er dei seinare åra lagt ned mykje godt arbeid på Onarheim for å styrke fokuset på folkehelse og friluftsliv. Gjennom arbeidet er det m.a. etablert turveg til Blåbærhaugen, som i dag er eit kjent turmål både i og utanfor Tysnes kommune. Prosjektet vil trygge den etablerte turvegen frå parkeringsplassen og opp til Blåbærhaugen. Total turlengde er 3,6 km t/r, og godt eigna for folketrim. Vegen er ikkje sikra med veglys, utgjer ein trivsels- og tryggleiksrisiko for turgåarane og trimmarane på ettermiddags- og kveldstid. Ved å gjennomføre tiltaket meinar me turaktiviteten i bygda vesentleg vil styrkast heile året, og gje varige positive endringar i folkehelse og aktivitetsnivå for så vel born, unge og vaksne. Turvegen er ein viktig møtestad i bygda, og ei kjelde for integrering og samhald.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Onarheim Bygdelag, Tveit Bygdelag (org.nr. 992507705) og Onarheim idrettslag (org.nr. 990891893). Samla medlemstal er om lag 350.