Motorklubb for born og ungdom i Vest-Telemark

Prosjekteier

VEST-TELEMARK MOTORKLUBB

Tildelt sum

234713

Om prosjektet

Prosjektet ønskar å vere eit låg kost tilbud til born og ungdom.
Prosjektet vil ta del i ungdoms opplæring og haldningsskapande arbeid for betre trafikksikkerhet.
Ein vil ved hjelp av opplærings materiell og medlemmene sine eigne motoriserte prosjekter auke forståelse for system og virkemåte. Dette meiner ein vil auke trafikksikkerheten på kort og lang sikt.
Born vil tidelig få mulighet til å sjølv vedlikehalde og reparere tekniske innretningar, og få eit forhold til verdi av egeninnsats.
Ungdom vil ha ein samlingsplass og ein mulighet for å reparere og lære om eige motoriserte kjøretøy, slik at desse vert i forskriftsmessig og forsvarlig stand.
Medlemmer skal sjølv bestemme fag og områder dei ønskar skal vektleggjast. Ein ser for seg å ha tema samlingar der ein ser spesielt på eit emne.
Det vil for medlemer og verte mulighet for «drop in» om ein har behov for det.
Effekten av dette vil vere ein godt vedlikehaldt motor park blant ungdom som i sin tid vil betre trafikksikkerheten.

Fylke

Telemark

Vi støtter prosjekter som gjør Norge til til et tryggere samfunn og gjør at flere av oss får muligheten til å leve friske og aktive liv.