Om prosjektet
Rekrutteringa:
Reint praktisk skjer dette ved at elevane vil få besøk av instruktør kvar andre veke. Her vil elevane få utdelt kvart sitt instrument og utdelt musikkstykke på nybegynnarnivå og øve på desse ilag. Som ein del av samlingane, vil også instruktøren vise spennvidda til instrumentet og på denne måten introdusere elevane for musikk frå ulike delar av verda, inkludert norsk folkemusikk.
Undervisninga:
Her vil det bli gitt enkeltundervisning, gruppeundervisning og helgeseminar i tillegg til den eksisterande ensembleaktiviteten. Dette for å utvikle miljøet både i form av medlemsmasse, aldersspreiing og musikalsk. Det vil også, som før, bli arrangert orkesterøvingar annankvar veke og arrangert konsertar og dansekveldar. Dette er noko som gir orkesteret og medlemmane like mykje som det gir frammøtte publikum.
Det vil også bli arrangert seminarhelger med ulike nivå der ein vil ha fokus på å dyrke spelegleda og fellesskapet.