Rulleskianlegg Langeland Skisenter

Prosjekteier

LANGELAND SKI- OG FRITIDSSENTER AS

Tildelt sum

1000000

Om prosjektet

Langrennsmiljøet i Gaular og Førde har dei siste åra opplevd ein stor auke av yngre utøvarar. For å kunne tilby desse sikrare og betre område for rulleskiavktivitet er det avgjerande at vi får etablert ei eiga bane for dette. Rulleski er ei treningsform som blir stadig meir populær, og i mangel av anna tilbod blir trening med rulleski utført på det offentlege vegnettet. Dette har ein betydeleg risiko med seg med tanke på trafikktryggleik, noko fleire alvorlege ulykker dei siste åra viser. Vi ønsker å utvikle anlegget i retning av meir bruk sommartid og i eit folkehelseperspektiv; for «forebygging koster en brøkdel av reparasjon». Rulleskiløypa er tiltenkt universell bruk, og den asfalterter løypa vil også bli brukt som eit nybegynnar tilbod til syklistar. Dette vil gje unge syklistar eit trygt treningstilbod, utanfor trafikkert veg. Vi ønskjer at alle skal kunne nytte seg av anlegget, og tenker at rørslehemma, eldre og andre som har vanskar for å komme seg ut i naturen, kan nytte det.

Fylke

Sogn og Fjordane

Vi støtter prosjekter som gjør Norge til til et tryggere samfunn og gjør at flere av oss får muligheten til å leve friske og aktive liv.