Om prosjektet
Det er eit todelt proskjelt.
Del 1: Gjera møtelokalet sikrare.
Speidargruppa vår brukar kjellaren i det lokale bedehuset som møtelokalet. Bedehuset har ikkje seriekobla røykvarslarar. Huset manglar og godkjente brannskullingsapperat.
Me ynskjer å få kjøpt nye seiekobla røykvarslarar og nye brannslukkingsapperat. Dette er med på å gjera huset tryggare. Denne delen av prosjektet kjem fleire enn speidargruppa tilgode. Alle som nyttar bedehuset vil med desse tiltaka kjenna seg tryggare.
Del 2: Refleksvestar til speidarane.
Me har mellom 40 og 50 speidarar. I vinterhalvåret er det mørkt når me har speidarmøta våre. For å gjera speidarane meir synlege når dei kjem og går heim frå møta ynskjer me å få laga refleksvester med vår logo på. Dette vil bli ein del av «uniformen» i vinterhalvåret.