SIM internationale kafe

Prosjekteier

SOGNDAL INDREMISJONSFORSAMLING

Tildelt sum

100000

Om prosjektet

Vi innviterer til eit kafemiljø med vafler og fleire typar kaffi og te, kvar tirsdag kveld frå kl. 18.00 til 21.00. Vi har eit besøk på mellom 30 og 60 kvar kveld, og dei som kjem er i alle aldrar. Det er brettspel, biljar og bordtennis som er mest populære aktivitetar. I tilegg har i tilbod om strikkeopplæring, noko som gjer at det også er ein del kvinner som kjem og er til stades. Dessutan har vi ein runde med Bingo kvar gong – noko som er svært populært. Det er også ulike andre programinnslag, som blant anna historiefortelling. Vi har ingen inntekter på drifta, då vi tilbyr alt gratis. Dei fleste som kjem er asylsøkjarar eller innvandrarar som er busette i kommunen. I leairgruppa er det hovudsakleg pensjonistar som finn stor glede i å føla at dei gjer noko meiningsfullt for våre nye landsmenn. Vi har også ein del ungdommar innom som er med meir sporadisk.
Vi har gammelt slitt utstyr – og møblement som vi ynskjer å fornye med eventuell støtte frå Gjensidigestiftelsen.

Fylke

Sogn og Fjordane

Vi støtter prosjekter som gjør Norge til til et tryggere samfunn og gjør at flere av oss får muligheten til å leve friske og aktive liv.