Om prosjektet
Del 1, gjennomført haust 2016, innebar legging av 420 meter grøft med rør frå inntakskum ved elv og opp til nedre del av skisenteret.
Del 2. går ut på å få på plass container med innebygd pumpestasjon for vatnet som vert henta opp frå elva. Frå pumpestasjonen vert det lagt to rørgater med vannhydrantar; ein opp i nedfarten og ein opp langs heistrase. Det vert sett opp hydrantar for kvar 100 meter, for påkopling av mobil snøkanon. Prosjektet inneber innkjøp av to mobile snøkanonar, type T40.
Ved ferdigstilling av prosjektet vil Hornindal Skisenter kunne nytte kuldeperiodar til å leggje ei sole med kunstsnø i nedre del av hovudnedfarten, samt i nedre del av heistrase. Dette er dei mest utette delane av anlegget med tanke på snø. Skianlegget startar på 390 m.o.h., med avstiging på 750 m.o.h.
Forskingsrapportar, bl.a. frå Vestlandsforsking, seier at skisenter må rekne med snøproduksjon for å sikre seg i åra som kjem. Hornindal skisenter har erfart dette, og sikra sjølv sesongen 2013/14