Sykkeltur for eldre

Prosjekteier

NASJONALFORENINGEN FOR FOLKEHELSEN

Tildelt sum

70000

Om prosjektet

Vi ynskjer å kjøpe inn syklar som har plass til to passasjerar for å gje eldre i omsorgsbustad og institusjon eit betre tilbod om å komme seg utandørs. Syklane har elektrisk hjelpemotor og det skal i hovudsak vere frivillige og pårørande som tilbyr sykkeltur for dei eldre. Vi har samarbeid med pårørandegruppe, omsorgssenter og aktivitetsvenngruppe som alle ser dette som eit flott tiltak for dei eldre. Treningssenter vil bidra med å gjere syklane kjende ved å ha syklane utstilt på treningssenteret før vær og føre tilseier at sykkelsesongen kan starte. Vi håpar dette kan vere ein god måte å rekruttere nye, og kanskje yngre frivillige til eldreomsorga. Det frivillige miljøet har godt av å vise seg fram med allsidigheit. Syklane skal vere gratis å låne, og utlånet vert administrert av omsorgstenesta i kommunen. Pårørandegruppa har ansvar for vedlikehald av syklane og dei vert lagra innandørs om vinteren.

Fylke

Sogn og Fjordane

Vi støtter prosjekter som gjør Norge til til et tryggere samfunn og gjør at flere av oss får muligheten til å leve friske og aktive liv.