Teater HotPot FN-dagen 2017

Prosjekteier

VÅGÅ UNGDOMSLAG

Tildelt sum

48000

Om prosjektet

HotPot teatergruppe vart starta i 2014, og sette opp si fyrste framsyning til FN-dagen 24. oktober 2014, i Vågå kulturhus. Andre framsyninga hadde vi ved FN-dagen 24. oktober 2015. I tillegg til dette, har vi synt oss fram med små drypp frå dei store framsyningane rundt om, til dømes på kvinnedagen og på kulturelle tilstellingar i regionen. HotPot er ei fleirkulturell kvinneteatergruppe med medlemmar forutan frå Noreg, frå Iran, Litauen, Eritrea, Brasil og Afghanistan.
Aktørane har sjølve sett sitt preg på framsyningane med forteljingar frå sine eigne liv, flukt, reiser og mottaking i nye land. Prosjektet har vore ei solskinshistorie både med tanke på integrering, inkludering og språklæring, og det har utan tvil gjeve dei som har sett framsyningane våre både ei stor kunstnarisk oppleving og noko å tenkje på. Teater HotPot er no i gang med øving til haustens framsyningar rundt FN-dagen.

Fylke

Oppland

Vi støtter prosjekter som gjør Norge til til et tryggere samfunn og gjør at flere av oss får muligheten til å leve friske og aktive liv.