Utdanning av instruktørar til Dans utan grenser Hornindal

Prosjekteier

HORNINDAL FRIVILLIGSENTRAL

Tildelt sum

40000

Om prosjektet

Dans uten grenser driv ung-til-ung-danseformidling blant ungdommar. Unge instruktørar går i fyrste omgang gjennom ei eitt års instruktørutdanning for å verte kvalifiserte instruktørar. Denne utdanninga fokuserar ikkje berre på dans, men på formidling, undervisning, samarbeid og ikkje minst gode haldningar. Å fremje meistring, respekt, samhald og samarbeid er viktige verdiar i danseverkstadane.
Etter gjennomført utdanning set instruktørane i gang med danseundervisning på heimstaden sin. Denne undervisninga er eit lavterskeltilbod som er ope for alle. Instruktørane er opplærde til fokusere på å gjere at alle føler seg inkludert. Instruktørane set sjølve opp undervisningsløpet og styrer dansetimane sine heilt sjølve. På denne måten har dei ein god del ansvar og lærer seg mykje om det å formidle, leie og ikkje minst å ha eit ansvar. Frivilligsentralen søkjer om midlar til å utdanne neste generasjon danseinstruktørar.

Fylke

Sogn og Fjordane

Vi støtter prosjekter som gjør Norge til til et tryggere samfunn og gjør at flere av oss får muligheten til å leve friske og aktive liv.