Om prosjektet
Luster Sogn Skredgruppe er no operativ. Me har vore på fleire reddningsoppdrag, og me har berga liv.
Gjensidigestiftinga løyvte midlar til oppstarten av gruppa (Saksnr:1049185). Midlane kom godt med og var heilt naudsynte for at me skulle kunne komme i gang.
Me har no hausta nokre erfaringar:
1. Når helikopteret ikkje kan ut, grunna dårleg vær kan me likevel vere med å gjere ein forskjell i vinterfjellet.
2. Me brukar for lang tid til å komme inn til skredområdet.
3. Me har hatt fleire aksjonar i mørket og treng betre lysutstyr
4. Dei skuterane som Røde Kors har i dag, er ikkje eigna til å kjøre i djup laussnø, noko som ofte er tilfelle når det går snøskred.
Konklusjon:
Betre lysutstyr og tilgang på snøskuterar som kan operere i laussnø vil vere eit svært godt verktøy for å kunne komme raskt inn til skredområde.
Som igjen kan redde liv!