Utvikling av møteplassar i Kulturstien på Hedleberget

Prosjekteier

INTERESSEGRUPPA FOR HEDLEBERGET

Tildelt sum

42000

Om prosjektet

Kulturstien på Hedleberget vart restaurert i vår, og er allereie ein suksess med mange turgåarar kvar dag. Stien er 3 km i kupert terreng, grusa slik at ein kan koma seg rundt både med barnevogn og rullestol. Stien går i eit gamalt skiferbrot, er støtta av Turskiltprosjektet og har informative skilt langs vegen som fortel industrihistorien frå området. Hedleberget har lenge leie brakk, og det er eit stort behov for skogrydding og meir tillaging i området. Me ynskjer no å utvikla stien, og laga «møteplassar» undervegs der me rydder skog for å få fram den nydelege utsikten, set ut benkar slik at folk kan ta seg ein rast undervegs, samt grusa/tilretteleggja desse. Det er ca 25 personar som er aktive i dugnadsarbeidet kring Hedleberget, og me vil gjerne koma i gang med prosjektet til neste vår.

Fylke

Hordaland

Vi støtter prosjekter som gjør Norge til til et tryggere samfunn og gjør at flere av oss får muligheten til å leve friske og aktive liv.